Else Olsen S.

Komponist, musikar og pedagog, utdanna frå m.a. NMH, og gjennom eigenstudiar med Kjell Samkopf, Pauline Oliveros og Christian Wolff. 
Ho blandar gjerne inn andre sjangrar inn i den eksperimentelle sjangeren, som t.d. bedehusmusikk og folkemusikk. Alternative speleteknikkar, leiketøysinstrument og preparert piano er ein viktig del av hennar virke.

Hennar stipendiatarbeid, frå Norges musikkhøgskole og Griegakademiet, «Open form – ei utvida utøvarrolle» (2015), dreier seg om interpretasjon og framføring av verk med ukonvensjonelle notesymbol, notert med t.d. grafikk, tekst eller tal.

Lenker:
Wikipedia