Hilde Marie Holsen

Hilde Marie Holsen (1989) frå Jølster har med trompet og elektronikk funne sin eigen veg i eit skjæringspunkt mellom jazz, drone- og samtidsmusikk. Gjennom lydprosessering av trompeten skapar Holsen eit elektronisk univers, som ho blandar med ein melankolsk tone frå trompeten. Slik lagar Holsen eit originalt lydlandskap, som kan opplevast både vart, skjørt og skakt, men også kraftig og dynamisk.

Våren 2015 slapp Holsen debutalbumet sitt, Ask, på plateselskapet Hubro, og vekte med dét mykje merksemd i internasjonal musikkpresse – med kritikkar frå mellom anna The Guardian, The Wire og The Quietus. Plata vart óg nemnd som eit av høgdepunkta frå 2015 i NRK P2 sitt program Jazzklubben. Sidan den tid har ho spelt mykje både innan- og utanlands, på festivalar som OnlyConnect, Punkt, Ultima, Rewire (NL) og 12Points (Ir/Es). Holsen har laga fleire elektroakustiske verk for kunstfilmar, og i løpet av 2017 hadde ho to tingingsverk – Arvesølvet for Førdefestivalen, og Prikle for Ultima. Våren 2018 følgde ho opp med si andre soloplate, Lazuli, også denne utgitt på Hubro.

Lenker:

  • Hjemmeside