Kaare Dyvik Husby

Kaare D. Husby er fødd 11. juni 1969. Han er utdanna ved Noregs musikkhøgskole, først i utøvande instrumentale studium (1988–90) og deretter teoretisk med kandidatstudiet i komposisjon (1990–96).

Husby har undervist i teori ved Stavanger musikkskole (1994–97) og i høyrelære ved Høgskolen i Stavanger (1995–96).

Husby har arbeidd med utøvarar som Anne-Lise Berntsen, Ametri Strykekvartett, Ensemble Ernst, Stavanger symfoniorkester, Shanghai symfoniorkester og dei fleste av musikkorpsa i Forsvaret. Musikken hans er framført på festivalar både i Noreg og utanlands.

Sentrale verk:
Over grind, strykekvartett
Akt, trombonekvartett
Serenade (K. Gjessing), sopran og piano eller orkester
Lille Adam (A. Øverland), sang og piano eller orkester
Sandwich metaphor, kammerorkester
Sandwich metaphor II, symfoniorkester
Plaudern, fløyte og cello
The Last of the Fingallians, 10 messinginstrument
Mechanic Breath, fiolin og piano med speledåse

Som forskar har Husby gjort ein stor innsats for restaureringa av eldre verk. Særleg har han vore interessert i Geirr Tveitt sin produksjon, som vart skadd under ein brann i 1970. Etter å ha arbeidd med fleire enkeltverk var Husby frå 2001 til 2011 engasjert i prosjektet «Baldurs draumar». Målet var å skaffe oversikt over dei etterlatne manuskripta til Tveitt og å rekonstruere ballettmusikken med same namnet. Prosjektet kom til i samarbeid mellom Norsk musikksamling, Universitetet i Oslo og Noregs musikkhøgskole. Ved sidan av «Baldurs draumar», har Husby ferdigstilt m.a. Strykesymfoni nr. 3, Fiolinkonserten og Pianokonsert nr. 3.

Biografi fra:

 
Verkliste fra Nasjonalbiblioteket NB Noter