Tord Kalvenes

Tord Kalvenes (f. 1989) vaks opp i havgapet i Austevoll kommune, sør for Bergen. Som barn starta han å spele gitar og euphonium, og frå 12-årsalderen byrja han å synge og skrive sin eigen musikk før han seinare gjekk på musikklinja ved Langhaugen VGS i Bergen. Kalvenes ferdigstilte sin mastergrad innan musikkvitskap ved Universitetet i Oslo i 2014, der han skreiv ei oppgåve om satsteknikker og stilistiske trekk i amerikansk kormusikk under rettleiing av B. Morten Christophersen. Kalvenes studerte også komposisjon under rettleiing av Olav Anton Thommesen samt ensembleleiing ved Norges Musikkhøgskule. Under studietida komponerte Kalvenes mellom anna verka O vis Aeternitatis og Missa Brevis medan han var ein aktiv ensemblesongar. Kalvenes har delt musikken sin med Schola Cantorum, Kammerkoret Gneis, Ensemble Solis og fleire andre ensemble. Fleire av verka hans er også utgitt gjennom Cantando Musikkforlag. Den musikalske stilen er påverka av komponister som til dømes Nystedt, Pärt, Lauridsen, Kverno og andre norske komponistar. Det musikalske språket henter inspirasjon frå moderne og meir tradisjonelle uttrykk. Derfrå søker han ein personleg og ekspressiv stil innanfor den musikalske tematikken.

Lenker: