Tord Kalvenes

Tord Kalvenes (f. 1989) er oppvokst i Austevoll sør for Bergen. Han har sin utdanning frå Universitetet i Oslo med ein mastergrad i musikkvitskap, samt komposisjons- og ensembleleiingsstudier frå Norges musikkhøgskole. Kalvenes har gitt ut ei rekkje verk på forlag og har samarbeida med ensemble som Bergen Domkor, Oslo Vokalensemble, Schola Cantorum, Ole Bull Kammerkor og Kammerkoret Gneis for å nevne noko. Kalvenes sine inspirasjonskjelder finn ein mellom anna i ny- og gamal kirkemusikk, noko han er tett knytt til gjennom eigen utøving som ensemblesongar. I 2017 starta han opp vokalensemblet «Tabula Rasa», som jobbar med prosjekt for å fremme ny vokalmusikk, dette hand i hand med tidlig musikk og improvisasjon. Kalvenes er oppteken av å fange det ekspressive innanfor den tematikken som prosjekta set fokus på og inspirasjonskjeldene kan hentast frå ulike musikalske epoker.

Lenker: